Etter utdanning som organist og kantor ved Norges musikkhøgskule i Oslo (Bjørn F. Boysen), og Det kgl. danske musikkonservatorium i København (Finn Viderø): Debut som orgelsolist i København og Oslo hausten 1976. Han har vore organist og kantor i Den norske kyrkja i 25 år, og arbeider innan dette området som fri kunstnar, som konsulent og som gjesteførelesar innan kyrkjemusikk og orgelbygg, Kolbein Haga er fyrsteamanuensis orgel- og kyrkjemusikk og har vore medansvarleg for kyrkjemusikarutdanninga ved Universitetet i Stavanger / Musikkonservatoriet frå 1980-2000. Vidare har han arbeidd som prosjektleiar for kyrkjemusikk og rekruttering i KA Kyrkjeleg arbeidsgjevar og interesseorganisasjon sentralt i Den norske kyrkja. Frå starten i 1990 til 2015 var han kunstnarleg og seinare administrativ leiar for Norsk orgelfestival. Kolbein Haga har gitt konsertar og gjort radio- og plateinnspelingar i Norden, Baltikum, Sveits, Holland, Storbritannia og Tyskland. Dette har m. a. resultert i fem CD-ar med Bach. Over 30 oppdrag har han på samvitet som orgelsakkunnig konsulent, – mest med nybygg, men også med ferdigstilling av forprosjekt, restaurasjonar og ombyggjingar, samt synfaringar, tilstandsrapportar og løysingsforslag i samband med problematikken reparasjon/nybygg og kompetansevurderingar ved val av aktuell fagekspertise. Dette omfattar norske, danske, tyske og nederlandske orgelbyggjarar
Større oppdrag dei siste åra:
År | Sted | Oppdragsgiver | Type oppdrag | Størrelse | Orgelbygger |
2000 | Høgskulen i Tromsø | UIT | Nybygg | 23 | Gebr. Jehmlich |
2003 | Bryne kyrkje | Bryne KF | Utvidelse | 34 | Andersen & Bruhn |
2005 | Lakselv kyrkje | Lakselv KF | Nybygg | 12 | Albert Langs eftf. |
2004 | Kampen kyrkje | Stavanger KF | Utvidelse | 24 | Frobenius |
2001 | Ferkingstad kyrkje | Drammen KF | Renovering/omintonering | 12 | Jemlich/NOHF |
2000 | Grønåsen kyrkje | Tromsø KF | Forprosjekt | 22 / 3 tr. | A. Führer / Heikko Lorenz |